torsdag 28. januar 2010

On the road again ..... 2


Ikkje alle er like raske ut av vegen når det kjem bil. Med kamera i bilen kunne eg ikkje la vere å stoppe og fotografere desse to nydelege vandrarane. Kan det vere han og ho?

Madagaskar har 50 forskjellige kameleonartar, og alle er endemiske. Desse utgjer også to tredelar av alle kameleonartane i verda!

On the road again.....


Kvart år legg vi bak oss 20.000 km landeveg. Då er det godt å ha ungar som er synest det er kjekt å reise på tur...... (Om nokon skulle lure på kva vi har på taket, så er det 8 madrasser til Shalom sitt nye gjestehus!)

Shalom med eigen blogg på norsk

Så langt har vi berre hatt ein blogg frå arbeidet vårt her på Madagaskar. No ser vi klart eit behov for å skilje litt mellom Shalom-stoff og meir halvprivate glimt frå kvardagen vår som familie.

Den nye Shalom-bloggen finn de på www.shalom-madagaskar.blogspot.com.