
Ikkje alle er like raske ut av vegen når det kjem bil. Med kamera i bilen kunne eg ikkje la vere å stoppe og fotografere desse to nydelege vandrarane. Kan det vere han og ho?

Madagaskar har 50 forskjellige kameleonartar, og alle er endemiske. Desse utgjer også to tredelar av alle kameleonartane i verda!