fredag 27. mars 2009

Tilbake i Mahajanga

Seint tirsdag kveld var vi vel framme i Mahajanga etter ein lang tur frå Norge. Turen gjekk fint på alle måtar, og vi merkar ikkje noko til den politiske uroen som framleis ulmar under overflata i hovudstaden.

Her i Shalom går arbeidet for fullt. Regntida er slutt, og vi gjer oss klar til å besøke arbeidet i landsbyane. No ventar vi berre på å få ferdigstilt ein reparasjon på motoren på båten.

mandag 16. mars 2009

søndag 15. mars 2009

På vent - i spenning

I skrivande stund skulle vi vore flypassasjerar på veg til Madagaskar, men den norske ambassaden har råda oss til å vente i Norge til den politiske situasjonen på Madagaskar har stabilisert seg. Vi har base i Oslo, og vi håpar ikkje ventetida blir for lang.

I går, laurdag, gjekk NRK friskt ut og kunngjorde at det hadde funne stad maktskifte på Madagaskar. Etter at eg ringte inn og spurde om dei hadde dekning for ei slik nyheit, gjekk det ikkje meir enn to minutt før overskrifta på NRK sine nettsider var endra til "Krav om maktskifte". NRK tok altså munnen litt for full.
Situasjonen er framleis svært spent. Den lovleg valde presidenten er framleis president, om enn tilsynelatande handlingslamma. Opposisjonen på si side vil ikkje setje seg til forhandlingsbordet utan at presidenten går av. Og ein plass mellom dei to stridande partane står folk flest og hæren med dei.

Konflikta er komplisert, og eg vil ikkje ein gong forsøke å forklare kva som skjer og kvifor. Men den som er interessert i å fylgje med på utviklinga kan godt søke på BBC World eller franske RFI. Bistandsaktuelt har også flere gode artikler om konflikten. Se
Intervju med Øyvind Dahl
og
intervju med Petter Langseth

fredag 13. mars 2009

Snømann og snøklokker

-Se pappa, hva jeg har plukket! ropar Elias i det kan kjem springande inn i stova med støvlane på. Stolt rekte han fram ein fin liten bukett snøklokker frå hagen til farmor.


Som de forstår, så er vi i Norge på ein aldri så liten privat vinterferie. Etter ønske frå fleire i nær familie, valde vi å ta turen nordover mot snørik vinter i Oslo og vårver i Ålesund. Vi har hatt ein aktiv ferie, kvar på vår måte. Elias har fått oppleve snø for første gong, han har gått på ski, laga snømann, kasta snøball på bestefar og laga snølykt med Madde. I Ålesund har vi gått tur i fjøra, plukka vårblomster og gåsungar, kjøpt reker og torsk frå fiskebåtane på kaia, sparka fotball med søskenbarna og mykje meir.


Søndag 15. mars har vi billett tilbake til Madagaskar. På grunn av den politiske krisa på Madagaskar kan det no sjå ut til at vi må vente med å returnere. Vi er spente på utviklinga dei neste par dagane.