
Vi har nettopp hatt radiokontakt med Shalom-båten som no er på veg heim etter ein tovekers tur sørover. Nok ein gong har båten fått motorstopp, utan at vi veit sikkert kva som er gale. Det fine er at dei må segle heilt heim og utgiftene er små. Men det er berre fint så lenge vindforholda er fine og sjøen er relativt roleg.
Vi har radiokontakt med båten fleire gongar pr dag. I morgon ettermiddag ventar vi båten i hamn her i Mahajanga.
Med på turen er lege, lærar, materialforvaltar, barneevangelist, to studentar frå Hald (Kjell Roald Naglestad og Kjetil Olsen) og ein eittåring (Maren Leite).
PØ