Vel, eg forstod at det var litt bittert å gå tom for bensin og samstundes bli liggande i blikkstilla, når det berre var ein times segling igjen før dei var heime etter to veker på sjøen. Og sjølv om eg ikkje likar å bli vekt midt på natta, så var det godt å høyre at båten nesten var framme.
Eit stort lavtrykk har bygd seg opp nord for Madagaskar dei siste dagane, og det har flytta seg i vår retning. Vi var redde for at dette kunne utvikle seg til ein storm eller i verste fall ein syklon, og det var derfor viktig å få båten heim. Men som sagt i det siste innlegget eg skreiv på bloggen, så fekk båten motorstans i Vilamatsa, og båten måtte seglast heilt heim. Shalom-båten er ein seglbåt på mellom 20 og 30 tonn og med ein kjøl som stikk ca 2,8 meter ned i sjøen, og det er veldig vanskeleg å krysse mot vinden med denne båten.
Då dei var komen omlag halvvegs på heimveg vart det vindstille. Kapteinen ante uråd og var nervøs for den ventande stormen, sjølv om den var fleire dagar unna. Han valde difor å feste zodiak'en (gummibåt)til sida på Shalom-båten og køyre vidare ved hjelp av påhengsmotoren på 40hk. Til slutt var det sjølvsagt tomt for bensin, men då var dei altså så nærme mål (Mahajanga) at dei hadde mobildekning og kunne ringe etter hjelp.
Kl 0400 stod min gode medarbeidar Alfred klar på trappa med to bensindunkar. Vi køyrde til byen, leigde ein liten plastbåt med påhengsmotor og reiste ut til Shalom-båten. Dei hadde i mellomtida fått litt vind og gjorde forsøk på å segle nærmare byen.
Vi takkar Gud for at båten nok ein gong er trygt tilbake etter ein lang og viktig tur. Motoren må reparerast. Gleda er at turneen vart godt gjennomført og medarbeidaranbe kom oppglødde heim!
Per Ørjan
P.S. Stormen stilna og forsvant utan å setje spor på våre kantar. Biletet under er frå Ankelilaly, ein av byane som fekk besøk frå Shalom sist veke.