Ein nydeleg sommarferie i Norge ligg bak oss, og vi er godt på plass i Mahajanga. Er det nokon som synest sommaren vart for kort, så er det berre å kome hit. Vi må vente fire månadar til før det blir noko særleg regn å snakke om - og varme har vi også nok av! :-)
Vi blir stadig gledeleg overraska over å høyre kor mange som les bloggen vår. Det minner oss om at vi må vere litt flinkare å legge ut stoff. Med dette er vi i gong, og vi skal gjere vårt beste.