søndag 15. mars 2009

På vent - i spenning

I skrivande stund skulle vi vore flypassasjerar på veg til Madagaskar, men den norske ambassaden har råda oss til å vente i Norge til den politiske situasjonen på Madagaskar har stabilisert seg. Vi har base i Oslo, og vi håpar ikkje ventetida blir for lang.

I går, laurdag, gjekk NRK friskt ut og kunngjorde at det hadde funne stad maktskifte på Madagaskar. Etter at eg ringte inn og spurde om dei hadde dekning for ei slik nyheit, gjekk det ikkje meir enn to minutt før overskrifta på NRK sine nettsider var endra til "Krav om maktskifte". NRK tok altså munnen litt for full.
Situasjonen er framleis svært spent. Den lovleg valde presidenten er framleis president, om enn tilsynelatande handlingslamma. Opposisjonen på si side vil ikkje setje seg til forhandlingsbordet utan at presidenten går av. Og ein plass mellom dei to stridande partane står folk flest og hæren med dei.

Konflikta er komplisert, og eg vil ikkje ein gong forsøke å forklare kva som skjer og kvifor. Men den som er interessert i å fylgje med på utviklinga kan godt søke på BBC World eller franske RFI. Bistandsaktuelt har også flere gode artikler om konflikten. Se
Intervju med Øyvind Dahl
og
intervju med Petter Langseth