Veka som starta så roleg fekk ei svært tragisk avslutning. Den politiske situasjonen i landet er stadig like spent, og i går vart 28 menneske drept og mange såra då dei forsøkte å ta seg inn i presidentpalasset i Antananarivo. Sjå Stavanger Aftenblad eller www.nms.no.
Her i Mahajanga er det stille. Folk flest held seg heime. Veldig få av dei vi møter tar parti i konflikta. "Dette har gått for langt," seier dei. "Dette skulle dei ha stoppa for lenge sidan!" Vi registrerer ei nasjonal sorg,- ikkje berre over dei som i går mista livet, men også over at demokratiet er så skjørt.
Dei økonomiske følgjene av konflikta er allereie katastrofale. I dag fekk vi høyre at ei av hjørnesteinsbedriftene her i Mahajanga, ein tekstilfabrikk med over 1200 tilsette, vart fullstendig ramponert og robba under opptøya den 26. januar. Eigaren gir opp og heile arbeidsstokken står arbeidslause tilbake.
Den amerikansk misjonsorganisasjonen World Christian Broadcasting held på å bygge ein ny internasjonal radiosendar her i Mahajanga. Dei leiger lagerlokale til byggemateriale og verktøy i ein nedlagt fabrikk. I det same bygget vart det lagra store mengder ris og sement, og fabrikken vart såleis eit mål for mobben som herja byen den 26. januar. I dag fortalde dei amerikanske misjonærane som leiar prosjektet, at heile lageret deira vart ruinert, då demonstrantane braut seg inn på området for å stele ris og sement. Det som ikkje vart stole, vart brutalt knust og øydelagt. Slike historier får vi nok dessverre fleire av i dagane som kjem.