mandag 2. februar 2009

Kven er president i dag?

Vi har fått ein roleg start på veka. Det er roleg i byen. Folk går på jobb. Enkelte handelsmenn åpnar forretningane sine. Mange pustar letta ut. Her på Shalom-senteret er alle på jobb, og med ein spøkefull tone starta vi dagen med å spørje kven som er president i dag.
Men uroen som herja sist veke er ikkje meir enn ei veke unna. Nasjonale media er framleis sparsomme med informasjon om kva som skjer i hovudstaden. På laurdag kunngjorde borgarmeisteren i Antananarivo at han ville ta over styringa av landet, og i går gjekk det rykter om at hæren var delt. I dag er det likevel mykje som tyder på at sitjande president Marc Ravalomanana framleis har kontroll.
Same kva presidenten heiter, så håpar vi at dei som styrer landet vil vise fornya og større vilje til å lytte til folket.